Stord Gammel Dansk Lag - SGDL - vart skipa fredag 13. januar 1995.
Skiparane av laget fann saman under mottoet «vedlikehald er
betre enn reparasjon» - Gammel Dansk er som kjent den beste
medisin.
Det overordna målet for laget er å fremja bruken av vidundermedelet
Gammel Dansk for ålmenta.
SGDL kjem frå den fagre øya Stord på vestkysten
av Noreg - mesta midt i mjødlo Bergen og Stavanger. Eit naudsynt
krav for å verta medlem er - forutan å vera ein lidenskapeleg
Gammel Dansk-nytar - å ha ein dokumentert tilknytnad til Stord.
I tillegg må ein verta tilrådd som medlem av ein allereie
godkjent medlem. Medlemmet må dessutan godkjennast av eit
samrøystes medlemsmøte. Denne konservative praksisen
sikrar kvaliteten i laget - SGDL har kontinuerleg støttemedlemmar
som ventar på offisielt opptak.
Aktivitetar
SGDL har eit etter måten høveleg aktivitetsnivå.
Formelle medlemsmøter vert haldne kvar fredag den 13. - såleis
1 til 3 gonger årleg. Men mellom dei formelle møta
finn ei rekkje ulike arbeidsutvalsmøter stad. Med medlemmar
spreidd utover heile Noreg er dette naturleg. Individuell aktivitet
inkluderer stendig kontroll av skjenkestadar og kontinuerleg misjonering
for utbreiinga av Gammel Dansk for lek og lærd.
|