| |
|
| Ei pilgrimsferd til Dalby |
 |
Medlemsmøtet fredag 13. august 1999 vart vedteke å haldast i
København. I samband med dette vart det gjort avtale med den ytterst
sympatiske Michael Raeder frå Danisco om ei vitjing til Gammel Dansk
fabrikken i Dalby. Sola rann på den store dagen, og dei frammøtte
medlemmane vart henta utanfor misjonshotellet(!) Hebron kl.1000.
Michael Raeder baud straks på «ein pikkandes liten» (Gammel Dansk,
sjølvsagt). Stemninga i bussen steig, og etter 50 minutt møtte det
norske og danske flagget oss på fabrikken. Lagsmedlemmane vart straks
leia inn i baren for nok ein ørliten før omvisinga tok til.

|
| Prosessen |
 |
Ei grundig omvisning gav stor innsikt i framstillingsprosessen.
Saman med læremeisteren vart lagsmedlemmane orientert om alt frå
bærsortar, krydder og merkelege ekstraktar som skal til i den kompliserte
prosessen.
 |
| Daniscos fabrikk |
 |
Produksjonslina på Daniscos fabrikk framstilte denne dagen
både vodka og akevitt - diverre ikkje Gammel Dansk. Denne skuffelsen
vart likevel fort gløymt då det vart servert ein tunglunsj
(som danskane pussig nok kallar «frokost») med både
sild, fett, akevitt, brød, fleskesteik, akevitt, mørbrad,
akevitt, kjøtbollar, grønsaker, akevitt og akevitt.
Dette var svært populært - sjølv om Gammel Dansk
ikkje stod på bordet...
|
| Laget |
 |
Som forståeleg er var det ein lettare animert gjeng som
vart returnert til Køben utpå ettermiddagen.

Seinare på dagen gjekk medlemsmøtet
av stapelen på sedvanleg vis med større stemning
enn nokon gong.
SGDL vil med dette takka Danisco, og særskilt Michael Raeder
for ei uforgløymeleg oppleving denne dagen. Laget vart
invitert attende til Dalby for å planta eit rognebærtre
frå Stord ved eit seinare høve. Dette vil vi sjølvsagt
gjere når sjansen byr seg.
|
|