Første post på dagens program var å få
raunebærtreet i jorda. Treet vart høgtidsamt planta
og døypt med Gamal Dansk og Hydroflor, og det var med klump
i halsen me luska vidare etter plantehøgtida.

Så var tida inne for sedvanleg omvising og
tunglunsj. Mykje nytt sidan sist me var i Dalby. Særleg
den museale delen av omvisinga fanga interesse.

Den såkalla «frokosten» gjorde
også denne gongen inntrykk. Flott oppdekking og servering
av sild, akevitt, smørrebrød, akevitt, snaps og
bestemorsfett, i tillegg til meir akevitt og snaps, gjorde sitt
til at opphaldet vart nok eit høgdepunkt for både
garva og ferskare pilegrimar.
Men alt har ein ende – også Maria og dette opphaldet.
Representantane frå eit lett rusa Stord Gammel Dansk Lag
kvilte seg lukkeleg på bussen heile vegen attende til København
V.
Etter å ha tatt farvel og sagt på gjensyn til Maria,
heldt dagen fram med medlemsmøte og hyppige skålar
på skiparane sitt tremannsrom på Hebron.