Trejakt på pilgrimsferd nummer tre
Det var gått lang tid sidan laglemene tok den lange turen til Dalby for å planta eit raunebærslagstre frå vår heimlege øy i gammel dansk jord. Uroa over den uavklarte boniteten i det sandute jordsmonnet, var det no på tide å koma seg nedover for ein utvida kontroll- og inspeksjonsrunde.

Fredag 13. mai 2005 rann, og lagslemene vagla seg på eit spartansk S-tog, for denne gongen sjølve å finna vegen til Dalby. Borte var sutaløysa, der laget hadde vore bortskjemd med eigen buss/maxidrosje og personleg oppfølgjing frå sjarmerande marknadsfolk, med skjelmske blikk på både fjellaper og ein alternativ drikkekultur. Togturen førte oss først til metropolen Køge, der laget både måtte omgruppera og prøva kornprodukta Guldbageren, på eit skrint folkesett torg, kunne tilby.

Godt styrka av næringstilskotet sette dei fem inspektørane no kursen for taxa/taxi-fasilitetane, og fekk ei fin-fin bilreise gjennom noko av det brattaste og fredelegaste landskapet ekskolonimakta kan framvisa.

Vel framme i Dalby vart vi heller ikkje denne gongen møtt med heiste flagg, men møtte eit imponerande kontrollverk, som gjorde at vi måtte ringja på opp til fleire apparat og tala opp til fleire språk før vi slapp inn porten. Men så snart vi var inne, og møtte vår hyggjelege omvisar Lone vart alt nesten som før – og heimekjensla breidde seg i skrottane. Snart gjekk drøsen om laust og fast, og lokalkunna til dei 5 nordmennene var stor, men vart sjølvsagt ytterlegare supplert etter som turen skreid fram. Litt uvanleg var det at vi vart traktert med dugande smørbrød og lettøl i kantina, men erkjenninga av at bedriftsøkonomiske sanningar, truleg kombinert med gjeldande europeiske arbeidslivsreglar og etter måten hyppige besøk frå denne gjengen, etter alt sannsyn også har nådd dette næringssegmentet breidde seg. Noko var likevel som før smaksprøvar av edeldrykkjen undervegs. M.a. var det grundig vurdert at den nye sitrusvarianten nok er det største innan produktutvikling sidan Ajax Lemon.


Lagstreet

Pulsen steig nokre hakk ettersom me nærma oss tida for å leita opp vår kjære raun. Og leita det måtte me. Lagstreet vart i si tid overlevert utan skilt, og minnet var av fleire grunnar sløra hjå dei fleste lagslemene då treet i si tid vart planta. Men etter grundig inspeksjon og tunge vurderingar fann vi endeleg lagstreet.

Treet hadde greidd seg godt, men heller ikkje meir. Høvande skilt vart sendt kun kort tid etter heimkomst. Saman med skiltet sende vi også eit skriv der vi gav uttrykk for ei viss uro over kva som skjer med lagstrea i GD-alléen når produksjonen vert flytta til Aalborg.

 


Høgkultur

Ein lukkeleg, men vemodig gjeng handla dugeleg i GD-butikken før turen gjekk via Køge attende til Køben. Her venta fleirfaldige høgkulturelle høglys på dei enkle landsens karane. M.a. vart det fotturar både til Christiania og andre vasspostar i storbyen.

Stord Gammel Dansk Lag vil gjerne takka De Danske Spritfabrikker for uforgløymelege turar til Dalby. Neste tur går nok til Aalborg, men kven veit: Kanskje kjem me til Dalby på jakt etter lagsrauno vår enno ein gong?